mandag 29. november 2010

Julemarknad på Sjølingstad

I helga var det julemarknad på Sjølingstad Uldvarefabrik. Dei store fabrikkbygga var fulle av boder med sal av god mat og flotte ting, og det var ulike aktivitetar. Det var fullpakka med folk, og veldig god førjulsstemning. Spikkeverkstaden, som heldt til i spinneriet, hadde godt besøk. Både ungar, foreldre, besteforeldre og andre gode hjelparar spikka så flisene spratt! Figurane vart fantasifulle og flotte!

Innimellom spikkinga, rakk eg å ta bilde av nokon nøgde ungar med sine fine figurar:











Pynteseksjonen: Her fekk figurane ansikt, kle, hår, skjegg og
anna pynt

lørdag 27. november 2010

Juleverkstad på Minne


Trudisjonen tru, er det julegateopning i Åseral fyrste helga i advent. Det er ei stor hending i bygda, med salsboder både ute og inne. Her kan det meste kjøpast, spesielt innan kvalitetshandverk og julemat. Eg har halde juleverkstad i Seng -og Sogerommet på Minne, med beste utsikta i by'n. Bortimot 50 nissar vart produsert, og ein enorm haug med opptenningsved. Det har vore ein veldig triveleg dag med flittige ungar og hjepsame foreldre.

Sjå nokon av dei flotte nissane som vart laga!



















fredag 26. november 2010

Kva er samanhengen mellom julenissen og paven?


Rundt år 280 vart det fødd ein gut med namn Nikolaus. Seinare vart han biskop i Myra, i dag Demre i Tyrkia, og er difor kjend som Nikolaus av Myra. Nikolaus arva i ung alder ei stor formue etter foreldra sine. Heile formua delte han ut til dei fattige, i det stille, utan ynskje om verken ros eller heltestatus.

Der er mange mytefulle historier om Nikolaus, frå å gjenopplive myrda studentar til å redde jomfruer frå prostitusjon. Spesialiteten hans var nok å stille stormar. Utallige sjøfolk skal på ulikt vis ha blitt redda av Nikolaus. 
Nikolaus vart etter at han var daud oppghøga til helgen. Då protestantane avskaffa helgendyrkinga under reformasjonen, vart det for tungt å gi slepp på Sankt Nikolaus. Han var for populær i folket. Dei gav han nytt liv ved å ta av han bispehua og gi han det nye namnet Julenissen. Denne hua, kalla Mitra, er same hua som paven bruker.

Meir om dei utrulege historiene rundt Nikolaus kan du lese på

http://no.wikipedia.org/wiki/Julenissen

http://no.wikipedia.org/wiki/Nikolas_av_Myra

http://www.katolsk.no/biografi/nmyra.htm

onsdag 24. november 2010

Jul på Minne

Førebuingane til Julegateopninga er i full gang på Minne. Fredag opnar dørene, og det vert  ope heilt til jul!

Kristine Thorsland i full sving med organisering og utstilling.
Alt her er til sals!

Kristine heng opp nokon av dei nydelege kjeramikkbilda sine

Elg og folkemusikk

 For ein dag! Før klokka slo ti i dag tidleg, hadde me både hatt elgsmykkeverkstad, omvising og helde konsert! Me pussa støvet av både Ingebjørg Liestøl, Lars Mjåland og Gunnar Austegard, og det må vel tilståast at det måtte litt støvpussing til på oss utøvarane òg... Men moro var det! Me tok opp aktuelle problemstillingar som friarar utfor glugjen, sjalu søstre og dans, drykk og svir. Det var tidenes stillaste og snillaste 8. kl frå Kyrkjebygd skule som fekk med seg dette. Etter det kom 10. kl. Ikkje like stille, men so avgjort like snille! Dei òg fekk lage elgsmykke eg helse på elgane vore.

Nøgde 8. klassingar med vore gamle heltar lurande i bakgrunnen

Nesten heile 10. kl føl ivrig med på Kari som fortel om elgen


tirsdag 16. november 2010

Hornnes Skule

I dag har me hatt besøk av 5. klasse ved Hornnes Skule. Det var ein snill gjeng som har laga mykje liv på Minne og hadde det tydelegvis veldig kjekt. Me vart jo veldig smigra når utabygds folk syntest at bygget her er så flott! Nå vert det spennande å rette kvissen og etter kvart sjå om det kjem premiar til Hornnes...

Tusen takk for veldig triveleg besøk og velkommen tilbake!
Posted by Picasa

torsdag 11. november 2010

Bli kjend i Marnardal

I dag har me vore på omvisning i Marnardal, på Høgtun, Mjålandsstova og museet på Laudal. Me var ein heil liten delegasjon frå Vest-Agder-museet, og me vart alle veldig inspirerte av alt det flotte me fekk sjå! Kan fort bli mange skuleopplegg her...





Tek med eitt lite utval av alt det flotte musea i Marnardalen har å by på.












Tusen takk til John Erik Kristiansen og Ingeborg Fredriksen for flott omvising!

onsdag 10. november 2010

1. og 2. klasse ved Kyrkjebygd Skule på besøk


Måndag kom 1. og 2. klasse ved Kyrkjebygd Skule på besøk til oss på Minne. Dei fekk sjå elgutstillinga, filmen om Åseral og lage smykke. Det var ein fantastisk gjeng å ha på besøk, glade og entusiastiske! På ein time laga 21 elevar, 2 lærarar og 2 formidlarar 29 flotte smykker!

Tusen takk for besøket!

torsdag 4. november 2010

Elgsmykke


I samband med elgutstillinga på Minne kultursenter, har me laga ein verkstad der alle besøkjande får lage sitt eige elgsmykke. Me bruker bein, gevir og tenner som anheng.

Både verkstaden og utstillinga vert open til i slutten av mars 2011.

Bein og tenner finn me på ein dumpingplass for slakteavfall. For å få vekk lukt og bakteriar klorar me tennene og kokar beina.


Emna til anhenga skjer med av med baufil og fri fantasi...

Etter pussing, polering og montering er smykka klare til bruk!