torsdag 16. desember 2010

4. klasse på elgutstilling

I dag har me 4. klasse ved Kyrkjebygd skule på besøk. Dei er 28 elevar. Mykje større gruppe enn me har hatt på elgutstillinga nokon gong før, men det vart ikkje problem med so flinke ungar! Dei har pussa og polert elgsmykke, høyrt historier om hjorten og klappa og kosa med dei julepynta elgkalvane. No er dei eg ser Åseralsfilmen.

Det har vore veldig kjekt og livleg her på Minne i dag, og me er veldig glade for besøket! Velkommen igjenn!

onsdag 15. desember 2010

Ungdomsskulen på spikking

10 kl. sin produksjon

Nokon av 8. kl. sine nissar

Nissar i motlys

Kjekt å spikke

Den nye høvelbenken kom til nytte
10. kl fordjupa i farging og dekor


Dei tre vise mennene til Kristine Thorsland har fått selskap

Tusen takk til 8. og 10 kl i Åseral for besøket!

Det har vore ein kjempetriveleg dag, og me er veldig imponerte over dei flotte figurane og alle dei kreative løysingane de har funne på!

tirsdag 14. desember 2010

Spikking på Øyslebø


Spikkeverkstaden

Ungane i 6. og 7. klasse ved Øyslebø Skule er veldig flinke å spikke! Det gjekk godt unda i dag, og nokon rakk faktisk å spikke tre nissar på ei økt, sjølvsagt fullt ferdige med farge, dekor og diverse hårvekst. Til slutt laga elevane utstilling der me fekk nyte kunstverka og eg fekk ta bilde til å skryte på bloggen.

Tusen takk for ein triveleg dag med flinke, kreative ungar og vaksne!

Tusj og lim

6. klasse laga proff utstilling





7. klasse sine mange nissar (eller kva det no vart)




tirsdag 7. desember 2010

Rundtur i Vigmostad


I dag har eg fått ein veldig inspirerande rundtur i Vigmostad med rektor ved Vigmostad Skole, Jorunn Eielsen Braadland som kjentmann. Det er heilt tydeleg på dette oppslaget som hang på oppslagstavla ved Ertzeidkverna, at Skulen på Vigmostad gjer mykje godt for kulturhistorien i bygda! Eg er veldig glad for at eg vart invitert på rundtur og fekk sjå desse fantastiske kulturminna!

Fyrst var me inne i det gamle skulehuset frå 1860, som Vigmostad Skole har flytt ned der skulen er i dag. Neste stopp var Ertzeidkverna, som skulen var med og restaurerte for 10 år sidan. Deretter Spilling rivefabrikk, der det var både snikkarverkstad og smie, og det ryktast om tanntrekkingsverksemd der òg. Etterpå for me til Tryland Kraftstasjon, og til sist såg me på Bergstølssaga.


Ertzeidkverna

Spilling rivefabrikk

Minikraftverk av gamlesorten

I kjellaren på rivefabrikken er det ei stor smie

Tryland Kraftstasjon frå 1919

Dei gamle turbinane frå 1919 vart brukte heilt til i 2008

Dei nye trubinane som har vore i drift i to år no

Bergstølssaga i vinterpryd

Bergstølssaga

Juleverkstad på Vigmostad Skole



31 flotte figurar før lunsj!


I dag har eg besøkt 4. - 7, kl. ved Vigmostad Skole med Juleverkstaden. Det var ein stor gjeng som sat tett og spikka figurar, men det vart lite blod og mykje flis! Både elevar og vaksne kosa seg med aktiviteten. Eg fekk til og med høyre at dette var "det kjekkaste eg nokon sinne har gjort" frå en elev. Då er det kjekt å vere omreisande spikkar!

Elevane gjer siste finpuss med sprittusjen

Tusen takk til alle elevar og lærarar på Vigmostad for ein veldig triveleg juleverkstad!

mandag 6. desember 2010

3. kl. ved Kyrkjebygd Skule


I dag har me besøk av veldig engasjerte og ivrige elevar frå 3. kl ved Kyrkjebygd Skule. Dei har kosa seg med å lage smykke, og pussa og polert til dei blankaste, flottaste kunstverka kom fram! Etterpå fekk dei lære meir om elgen, og hadde mange spennande historiar å dele med oss òg.

Det var kjekt å få ein so livleg og engasjert gjeng her som ein utmerka start på dagen!





Jarle på Naturexpo har kokt nye bein til oss. Denne gangen var det mykje ryggknoklar, som gav heilt andre smykke enn dei me har laga før.