tirsdag 26. april 2011

Påske

Påsken er over og laua sprett. Me feirar våren med å legge ut bilete frå påskeverkstaden. Både skuleklassar og påskegjester har kosa seg med å nålefilte til påske.

9. kl.ved Kyrkjebygd skule i djup konsentrasjon





  


mandag 11. april 2011

Grafikk

Førre veke fekk 9. kl. ved Kyrkjebygd Skule vere kunstnarar i to dagar. Oppdraget var å lage grafikk til ei utstilling på Minne kultursenter i Åseral. Elevane gjennomførte oppdraget med god stil, og utstillinga er imponerande!

Utstillinga skal henge til om påske, så her gjeld det å kjenne si besøkstid!

Elevane fekk grundig innføring i grafikk, og studerte arbeida til fleire grafiske kunstnarar. Tidlegare lærar ved Kyrkjebygd Skule, Inge Bye, prydar utruleg mange vegger i Åseral med sine linosnitt av Åseralsmotiv. Nils Ljosdal er ein annan lokal kunstnar som laga fantistisk kunst, både som måleri, teikningar og tresnitt. Alle kjenner skulpturane til Gustav Vigeland, men me såg på tresnitta han laga i feriar og på kveldstid. Me såg på tresnitt av dei store grafiske føregangspersonane i Noreg, Edvard Munch og Nicolai Astrup, og den mindre kjende samiske kunstnaren John Savio. Sjølvsagt såg me òg på arbeid av den største tresnittkunstnaren av alle, japanske Katsushika Hokusai. Med dette som utgandspunkt og inspirasjon, fauk 9. klassingane ut med kamera på jakt etter motiv. Etter to dagars iherdig arbeid, var tresnitta endeleg ferdige.


 
Elevane var ute og fann fine motiv som dei tok bilete av og
redigerte på dataen

Teikningane som trykka vart laga etter vart teikna etter utskrift av
fotografia


Trykkplatene etter bruk

"Reinsdyr" av Eivind

"Solnedgang" av Stina Eikild 

"Vatn" av Morten Forgard

"Snøsmelting" av Skjalg Fagerbakke

"Kongler i sanden" av Nina

Tresnitt av Tore Forgard

Tresnitt av Jon Kåre Væting

"Ein VW" av Håvard Linjord

"Bilen te ho" av Andreas

Tresnitt av Sølve Skaret

"Minne" av Lisbeth

Tresnitt av Peter

"Albino" av Jon Kristian Ljosland

"Reinsdyr" av Eivind

Tresnitt av Solfrid Åsland

Tresnitt av Anna Synnøve Røysland

"Mørk natt" av Tarald

Tresnitt av Ånund Stulien