torsdag 9. juni 2011

Aktivitetar i utstillinga Augandzi -Agder i trollspegelen

Augandzi -Agder i trollspegelen er tittelen på den nye utstillinga om folkevandringstida, men kva tyder eigentleg denne tittelen? Den romerske sogemannen, Jordanes, skreiv om stamma Augandzi, som ser ut til å vere stamma lengst sør i Noreg, also i Agder. Ein trollspegel er ein spegel som vrir og vender på ting, samstundes som noko vert rett gjengitt. Slik er det og med arkeologien. Funna ein gjer, fortel berre små glimt frå livet.

Funna frå folkevandringstida er trygt sikra bak tjukt glas, men der er reproduksjonar til å ta og føle på, der er aktivitetar og der er ein koseleg krok der ein kan setje seg ned og høyre Terje Nordby (frå Mytekalerneren på P2) fortelje sagn.

Her kan du prøve brikkevev, etter instruksar på veggen.
Fell det i smak, er det ferdige brikkevevpakker å få kjøpe i Kråmbue


Alle som kjøper billett får med ein skinnbit til å stemple rune på.

Skinnbiten med runa kan bli eit flott smykke

Draktene er sydde til utstilling, i flotte ullstoff og linstoff.
Til pynt er det brikkevevde band, glasperler, sylvspenner og nåler i bein.

På denne planken kan ein kjenne på runeinskrift
(frå Hoggonviksteinen)
og høyre korleis det vert uttalt.

Skjerma bak forhenget, kan du setje deg ned og slappe av til at
Terje Nordby fortel om Sigurd Drakedrepar og Neibelung-segna. 

onsdag 8. juni 2011

Augandzi -Agder i Trollspegelen

Endeleg er utstillinga Augandzi -Agder i trollspegelen opna!

Det er heilt fantistisk at så mange flotte gjenstandar frå folkevandringstida har komme attende til Agder, nokon frå Nationalmuseet i København og nokon frå Kulturhistorisk museum i Oslo. I dei neste fem åra vert dei stilte ut på Minne Åseral Kultursenter. Saman med gode tekster frå Ann Monica Bueklev og strålande design frå Marita Grimsø, har dette blitt ein fantastisk utstilling. Eg anbefalar alle å ta turen til Åseral for å sjå!

Her er nokon smakebitar:

Glaskar frå Bringsjord

Spannforma leirkar

Leirkar frå Ospehaugen, Sangesland og Hægebostad

Leirkar frå Hægebostad og Stallemo

Leirkar frå Holmegård

Leirkar frå Trygsland

Spenne frå Innvordalen


Perlekjede, spinnehjul, beltestein, kamb og spelebrikker

Spenner frå Trygsland

Mannsdrakt

Kvinnedrakt



Les meir på

http://www.khm.uio.no/utstillinger2/eksterne/2011_aaseral_folkevandringstid.html