Funna frå folkevandringstida er trygt sikra bak tjukt glas, men der er reproduksjonar til å ta og føle på, der er aktivitetar og der er ein koseleg krok der ein kan setje seg ned og høyre Terje Nordby (frå Mytekalerneren på P2) fortelje sagn.
| Her kan du prøve brikkevev, etter instruksar på veggen. Fell det i smak, er det ferdige brikkevevpakker å få kjøpe i Kråmbue |
| Alle som kjøper billett får med ein skinnbit til å stemple rune på. |
| Skinnbiten med runa kan bli eit flott smykke |
| Draktene er sydde til utstilling, i flotte ullstoff og linstoff. Til pynt er det brikkevevde band, glasperler, sylvspenner og nåler i bein. |
| På denne planken kan ein kjenne på runeinskrift (frå Hoggonviksteinen) og høyre korleis det vert uttalt. |
| Skjerma bak forhenget, kan du setje deg ned og slappe av til at Terje Nordby fortel om Sigurd Drakedrepar og Neibelung-segna. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar