mandag 16. mai 2011

To dagar

"Livet som regional museumsformidlar for Lindesnesregionen" er undertittelen på denne bloggen. So langt har eg berre skrytt over flinke elevar eg har hatt opplegg for, og av og til lagt ut litt aktivitetar eg jobbar med. Dette er berre ein del av alle dei ulike tinga dagane mine er fulle av. For å gi eit bedre innblikk i livet som regional museumsformidlar for Lindesnesregionen, kjem ei dagbok for dei to siste arbeidsdagane mine.


Blomstrande elpetre og nysnø i takrenna

Fredag møtte eg kl 8.00 på Vigeland Hus i Mandal, til eplebløming og nysnø! 50 tredjeklassingar frå Ime skole, fordelt på to grupper, fekk lære om Gustav Vigeland, tre og grafikk. Heldigvis var det Beate Johnsen frå Adger Naturmuseum og botaniske hage som fortalde om tre. Eg heldt meg til Gustav Vigeland, og fokuserte sjølvsagt på barne -og ungdomsåra, då han dreiv med treskjæring, og feriane på Sørlandet, då han laga tresnitt. Elevane hadde med seg flotte teikningar av tre som dei teikna over på treplater og trykte. Elevane var storveges fornøgde og grafikken vart veldig fin!

Fyrste stasjon: Teikne på og skjere ut motivet

Andre stasjon: Rulle på trykksverte


Tredje stasjon: Trykking



Ungane i køen føl spent med


Det ferdige motivet vert speglvendt av det på trykkeplata

Siste stasjon: Signering

"Bylista" er eit kjent fenomen i dei indre bygder. Det er lista av ting ein må ordne når ein likevel er i by'n. Denne gongen var det innkjøp av hagereidskap og setjepotet til prosjektet "Eple -jordeple og søteple", som me skal har i den kulturelle skulesekken i Åseral.

Då eg kom opp att til Åseral, kom Heikki Holmås på besøk. Av ukjend årsak vart eg invitert med på snitteeting, og var glad for å  bli brukt som eksempel på positiv desentralisering og godt samarbeid i regionen!

Denne dagen byrja i kjellaren, der den arkeologiske utstillinga er på veg. "Augandzi -Agder i trollspegelen" vert opna 4. juni, og eg har ansvaret for aktivitetane. I dag kom vår trufaste målar, Torstein Hodne, og sette saman og lakka bord til brikkevevaktiviteten og runeaktiviteten.


Kvart over ti kom 5. klasse for å nålefilte til 17. mai. Nokon laga flagg til å pynte seg med i morgo, andre laga kuler til å pynte opp med. Ein flott gjeng å ha på besøk!


Elevar i djup konsentrasjon

Fine kuler i nasjonalfargane

Med det norske flagg på brystet...

Etter litt restesnittar frå fredag, var det ut på arbeid. Dei fyrste potetdyrkarane kjem onsdag morgon. Kjell har lånt ut kommunen sin fres og instruert oss i å bruke han, so då er det berre å gå laus på plenen! Me meler opp kor stor åker me treng, 96 elevar og nokon barnehageungar skal setje kvar si potet! Etter å ha fresa opp heile åkeren, er det ingen tvil om at dagens trim er unnagjort og at dei som har køyt forbi har hatt god underholdning. Møkalasset er på veg, får håpe det kjem etter folketoget har gått forbi, so potetene skal få god næring.


Dei fyrste ustøe stega... (Det gjekk bedre etter kvart)

Litt "ekstrafresing" til slutt, so jorda blir skikkeleg mjuk og god

I kveld, på ein kveld eg for nokon år sidan aldri kunne førestilt meg at eg frivillig skulle sitje åleine på kontoret, sit eg og les meg opp på potethistorie.

Ynskjer alle til lukke med dagen i morgo!

mandag 2. mai 2011

Klar til 17. mai?

 

Aktivitetskroken på Minne kultursenter i Åseral har rydda i fargane, og er no klare for å feire nasjonaldagen. Aktivitetskroken er open tysdag - fredag 12 - 16 og laurdag - søndag 12 - 17. Alle er velkomne innom for å nålefilte 17. mai-pynt! 


Nålefilt eit flagg:


Finn ein høveleg dott med raud ull og legg
på ei isoporplate
Form ulldotten til eit rektangel ved å
nålefilte ulla fast i isoporplata
 

Ulla må snuast mange gonger og
nålefiltast frå begge sider
Fest på den blåe og kvite krossen til slutt





Flagget kan festast på stong...

...eller på 17. mai-stasen




Nålefilt ei 17. mai-kule:

Start med å feste eit jamnt lag
raud ull på kula
Stikk til ulla er heilt fast


Stikk på den kvite krossen
Fest den blåe krossen oppå den kvite


Kula er flott pynt i glaset