onsdag 28. november 2012

Tova julekuler

Fram til jul, skal me tove julekuler på Minne Kultursenter.
Det er ein enkel og koseleg aktivitet:
 
 

1. Finn ei isoporkule


2. Finn litt ull i ein farge du likar


3. Fest ulla til ispopren med ei nålefiltingsnål


4. Det skal vere akkurat så mykje ull at du ikkje
ser isoperen gjennom ulla


5. Legg eventuelt på mønster av ull i andre fargar
og fest med nålefiltingsnåla


6. Dupp kula i grønsåpevatn og press så ut att
vatnet med handa


7. Rull kula mellom hendene dine
(dete er sjølve tovinga)


8. Dupp i grønsåpevatn og rull mellom hendene to
ganger til.  


8. Fest tråd til å henge opp etter

Grafikk og toving

I kjellaren på Minne står ei gedigen grafikkpresse som bygdegrafikaren Inge Bye har satt att. Det var veldig kjekt at 6. kl kom ned og trykte på pressa då dei hadde om linosnitt!


Fyrst må me rulle trykksverta på linoplata


Litt skeptiske i starten...


...men spente òg.


Moro å trykke med stor presse,

og spennande å sjå resultatet.

Kritisk og fornøgd


Dei som ikkje trykte, fekk vere prøvekaniner på toving av ullkuler. Etter stillheita å døme, var det eit fint opplegg.


Kosleg med ull

Me festar ulla med spesielle nåler, og dei er kvasse...

Heitt grønsåpevatn må til

I påvente av juletreet...

mandag 12. november 2012

Epleprosjektet 2012

For andre år på rad, har me dyrke jordeple (potet) i eplehagen på Minne Åseral kultursenter. 1.-4. kl sette jordeple i vår, som me tok opp i haust. Alt gjort på gamlemåten for hand. Førre veke kom 1. -4. kl ned att og laga smakfulle eplekako (potetkaker) og eplesaft av råvarer frå eigen hage. Maten vart utsøkt, ikkje minst grunna prima råvarer, gode kokkar og kyndig hjelp frå Gudrun Austegard.



Jordeplene må skrellast og malast

Skrell, skrell

det er kjekt å skrelle

Gudrun fortel korleis det var då ho vaks opp på 40-talet




Snart klare til eplepressing
Kvalitetssikring av eplene før dei går i kverna

Eplpressing krev sine musklar


3. og 4. kl nyt eit bedre måltid.
Eplekako med smør og sukker og ferskpressa eplesaft.

1. og 2. kl har ete opp eplekako med pølse i og drukke opp eplesafta