onsdag 28. november 2012

Tova julekuler

Fram til jul, skal me tove julekuler på Minne Kultursenter.
Det er ein enkel og koseleg aktivitet:
 
 

1. Finn ei isoporkule


2. Finn litt ull i ein farge du likar


3. Fest ulla til ispopren med ei nålefiltingsnål


4. Det skal vere akkurat så mykje ull at du ikkje
ser isoperen gjennom ulla


5. Legg eventuelt på mønster av ull i andre fargar
og fest med nålefiltingsnåla


6. Dupp kula i grønsåpevatn og press så ut att
vatnet med handa


7. Rull kula mellom hendene dine
(dete er sjølve tovinga)


8. Dupp i grønsåpevatn og rull mellom hendene to
ganger til.  


8. Fest tråd til å henge opp etter

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar