onsdag 16. mars 2011

Nålefilting

Nålefilting vart utvikla med industrialiseringa, på maskiner med tusenvis av nåler. Seinare har ein oppdaga moglegheitene i desse små nålene, og teke dei i bruk for å lage detaljerte bilete og figurar. Ved å stikke i ulla med ei spesiell nål med mothakar, vert ulla som tova.
Nålefilting er ein aktivitet med låg terskel. Det enklaste er å nålefilte på isoporfigurar, men ein kan òg nålefilte i peparkakeformer eller på frihand.

Skal du lage ein flat figur, legg du ulla på ei isoporplate og byrjar å stikke med nåla.
Når du har stukke so mange gonger at ulla er fast, kan du snu ulla og stikke frå andre sida.
Viss du påttar ulla i ei form, t.d. peparkakeform, er det lettare å få ynskt fasong.


Når du nålefiltar på ein isoporfigur, er det
berre å legge ulla utover og stikke til ulla er fast.
Eventuell dekor stikk då på til slutt.

Etter kvart kan ein lage meir invikla figurar.
Her er nytta isoporegg til kropp, og ståltråd i føtene,
i stjerten og for å halde hovudet på plass.

Tips til innkjøp:

Eg fann billege isoporkjernar på http://www.cchobby.no/

Ull og nåler har eg frå Vest-Agder-museet Sjølingsdag Uldvarefabrik


Lukke til med nålefiltinga!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar